Johannes 1:15-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen før meg, for han var til før meg.»

16. Av hans overflod har vi alle fått,nåde over nåde.

17. For lova vart gjeven ved Moses,nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.

18. Ingen har nokon gong sett Gud,men den einborne, som er Gud,og som er i fanget til Far,han har synt oss kven han er.

19. Dette var vitneutsegna til Johannes då jødane sende prestar og levittar frå Jerusalem for å spørja han: «Kven er du?»

20. Då vedkjende han og nekta ikkje, men sa rett fram: «Eg er ikkje Messias.»

Johannes 1