5. Så tok engelen røykjelsesfatet, fylte det med eld frå altaret og kasta elden på jorda. Og det kom torebrak og drønn, lyn og jordskjelv.
6. Dei sju englane med dei sju basunane gjorde seg no klare til å blåsa.
7. Den første engelen bles i basunen. Då kom det hagl og eld, blanda med blod, og det vart kasta ned på jorda. Tredjedelen av jorda gjekk opp i logar, og tredjedelen av trea brann opp saman med alt det grøne graset.
8. Den andre engelen bles i basunen. Då var det som eit stort, brennande fjell vart kasta i havet. Tredjedelen av havet vart til blod,
9. og tredjedelen av alle skapningane i havet døydde, og tredjedelen av skipa gjekk under.
10. Den tredje engelen bles i basunen. Då fall ei stor stjerne frå himmelen, logande som ein fakkel, og ho fall på tredjedelen av elvane og på vasskjeldene.
11. Namnet på stjerna er Malurt. Tredjedelen av vatnet vart til malurt, og mange menneske døydde av vatnet fordi det hadde vorte giftig.