Johannes' Openberring 1:16-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. I si høgre hand hadde han sju stjerner, og frå munnen hans gjekk det ut eit skarpt, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.

17. Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:«Ver ikkje redd! Eg er den første og den siste

18. og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nøklane til døden og dødsriket.

19. Skriv no ned det du har sett, det som er, og det som heretter skal koma.

Johannes' Openberring 1