Job 8:15-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Han støttar seg til eige hus, men det held ikkje;han klamrar seg til det, men det blir ikkje ståande.

16. Frodig står han i sola,breier greinene ut over hagen sin.

17. Men røtene hans slyngjer seg inn i ei steinrøys,dei kikkar fram mellom steinar.

18. Blir han riven vekk frå staden sin,kjenner ikkje staden han: «Eg har aldri sett deg.»

19. Slik er gleda på hans veg,før den neste gror opp av støvet.

20. Sjå, Gud avviser ikkje den frommeog gjev ikkje styrke til ugjerningsmenn.

Job 8