Job 28:4-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Dei bryt sjakter langt frå der menneske bur.På gløymde stader, der ingen fot trødde,heng dei og dinglar, langt frå folk.

5. Jorda ber fram føde,men i djupet blir ho elta rundt med eld.

6. I steinane der nede er safir,der finst det gullstøv òg.

7. Ingen rovfugl kjenner stigen dit,den har ikkje noko falkeauge sett.

8. Der trør ikkje stolte rovdyr,inga løve går på stigen.

9. Mennesket legg hand på harde steinenog endevender fjell frå grunnen.

10. Dei sprengjer seg gangar i berget,og auga får sjå alle slag kostbare ting.

11. Dei stoppar til vassårerog dreg det løynde fram i lyset.

Job 28