Job 27:13-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Slik er den delen ein lovlaus får av Gud,den arven valdsmannen får frå Den veldige:

14. Har han mange born, fell dei for sverd,etterkomarane får ikkje metta seg med brød.

15. Dei som overlever, går i død og grav,og inga enkje held sørgjehøgtid.

16. Han haugar opp sølv som støvog samlar seg klede som leire;

17. han samlar, men rettferdige kler seg,uskuldige deler sølvet.

18. Det huset han byggjer, er som ein møll,som lauvhytta vaktmannen lagar.

Job 27