4. Sønene til Job brukte å festa hos kvarandre på omgang. Dei inviterte dei tre systrene sine til å eta og drikka saman med dei.
5. Når dagane med festing var over, sende Job bod for å helga dei. Han stod tidleg opp om morgonen og bar fram brennoffer for kvar einskild. For, som Job sa: «Kanskje har borna mine synda og spotta Gud i sitt hjarte.» Slik gjorde Job alltid.
6. Så ein dag kom gudesønene og steig fram for Herren. Mellom dei var også Klagaren.
7. Herren sa til han: «Kvar kjem du frå?» og han svara: «Eg har streifa omkring på jorda.»
8. Herren sa: «Så la du vel merke til Job, tenaren min? På jorda finst ingen som han, ein from og rettskaffen mann som fryktar Gud og held seg borte frå alt vondt.»