11. «Kvess pilene, fyll koggera!» Herren har vekt ein tanke hos kongane av Media,for planen hans er å øydeleggja Babel.Det er Herrens hemn,hemnen for hans tempel.
12. Lyft banneret mot Babels murar,styrk vakthaldet,set ut vakterog legg nokre i bakhald!For Herren set i verkdet han har planlagt,det han har sagtom dei som bur i Babel.
13. Du som bur ved veldige vatnog er så rik på skattar,no er enden komen for deg,livstråden skal skjerast av.
14. Herren over hærskaranehar svore ved seg sjølv:Eg skal fylla deg med menneske,mange som grashopper.Dei skal setja i jubelrop mot deg.
15. Han laga jorda med si kraft,han grunnla verda i sin visdomog spente ut himmelen ved si innsikt.