Jeremia 46:15-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Kvifor flykta Apis, din sterke okse?Han kunne ikkje stå imot,for Herren har drive han bort.

16. Han fekk mange til å snubla,ja, dei fall over kvarandre.Då sa dei:«Kom, lat oss venda attende til folket vårt,til landet der vi er fødde,bort frå det herjande sverdet!»

17. Der skal dei gje farao, kongen i Egypt,namnet «Krigslarm som kom for seint».

18. Så sant eg lever, seier Kongen– Herren over hærskarane er hans namn:Som Tabor mellom fjella kjem han,som Karmel ute ved havet.

19. Pakk tinga dine for eksil,du som bur hos dotter Egypt.For Nof skal bli til ei øydemark,lagd i øyde så ingen kan bu der.

20. Egypt er ei prektig kvige,men ein klegg frå nordslår seg ned på henne.

Jeremia 46