Jeremia 4:8-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Difor, kled dykk i sekkestrie, sørg og skrik!For Herrens brennande vreidehar ikkje vendt seg frå oss.

9. Den dagen, seier Herren,skal kongen og leiarane mista alt mot.Prestane blir slegne av skrekk,profetane blir mållause av redsle.

10. Eg sa: Å, min Herre og Gud!Sanneleg, du sviktadette folket og Jerusalemdå du sa: «De skal ha fred.»No rører sverdet ved strupen.

11. På den tida skal det seiasttil dette folket og til Jerusalem:Vind som brenn av hete,kjem frå snaue høgder i ørkenenmot folket, mi dotter.Han er ikkje til å kasta og reinsa korn i,

Jeremia 4