Jeremia 4:3-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Så seier Herren til judearaneog til Jerusalem:Bryt dykk nybrot,ikkje så mellom klunger!

4. Omskjer dykk for Herren,ta bort forhuda frå hjartet dykkar,de judearar og de som bur i Jerusalem,elles skal harmen min bryta ut som eldog brenna utan at nokon sløkkjer,for det vonde de har gjort.

5. Kunngjer dette i Juda,lat det høyrast i Jerusalem,blås i horn i landet,rop høgt og sei:Samla dykk!Lat oss gå inn i festningsbyane!

6. Lyft banneret! Til Sion!Berg dykk, bli ikkje ståande!For eg sender ei ulukke frå nord,eit stort samanbrot.

7. Ei løve stig opp frå krattet.Ein som øydelegg folkeslag,bryt opp og dreg ut frå sin stadfor å leggja landet ditt audt.Byane dine skal bli til ruinarder ingen kan bu.

Jeremia 4