Jeremia 37:15-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Dei vart sinte på Jeremia, dei slo han og førte han som fange til huset til riksskrivaren Jonatan, for det hadde dei gjort om til fengsel.

16. Slik kom Jeremia i fangeholet i kjellaren, og der vart han sitjande i lang tid.

17. Kong Sidkia sende så bod og henta han til slottet og spurde han i løynd: «Er det kome noko ord frå Herren?» «Det er det», svara Jeremia. «Du skal gjevast i hendene på kongen av Babel.»

18. Så sa Jeremia til kong Sidkia: «Kva synd har eg gjort mot deg og tenarane dine og dette folket sidan de har sett meg i fengsel?

19. Og kvar er no profetane dykkar, dei som profeterte at kongen av Babel ikkje ville gå mot dykk og dette landet?

Jeremia 37