6. Men dei svara: Vi drikk ikkje vin. For far vår, Jonadab, son til Rekab, har forbode oss det og sagt: «De skal aldri drikka vin, korkje de eller borna dykkar.
7. De skal ikkje byggja hus eller så korn og ikkje planta eller eiga vinmarker. I telt skal de bu alle dykkar dagar, så de kan leva lenge i det landet der de er innflyttarar.»
8. Sidan har vi vore lydige mot alt det far vår Jonadab, son til Rekab, baud oss: I heile vårt liv har vi ikkje drukke vin, korkje vi eller konene våre eller sønene eller døtrene våre.
9. Vi har ikkje bygd hus til å bu i, og vi har korkje vinmarker, jorder eller såkorn,
10. men vi bur i telt. Vi har vore lydige og har gjort alt det far vår, Jonadab, baud oss.
11. Men då kong Nebukadnesar av Babel rykte inn i landet, sa vi: «Kom, lat oss dra til Jerusalem, bort frå hærane til kaldearane og aramearane.» Så no bur vi i Jerusalem.
12. Då kom Herrens ord til Jeremia:
13. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Gå og sei til mennene i Juda og innbyggjarane i Jerusalem: Vil de ikkje ta imot lærdom og høyra på mine ord? seier Herren.
14. Boda som Jonadab, son til Rekab, påla sønene sine, har dei halde. Dei skulle ikkje drikka vin. Til denne dag har dei ikkje drukke vin, for dei lydde påbodet frå far sin. Men eg har tala til dykk både seint og tidleg, og de høyrde ikkje på meg.