Jeremia 33:14-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg oppfyller den gode lovnaden eg gav til Israel og Juda.

15. I dei dagane og på den tida lèt eg det spira fram ei rettferdig spire for David. Han skal gjera det som er rett og rettferdig i landet.

16. I dei dagane skal Juda bli frelst og Jerusalem bu trygt. Og dette skal ho heita: «Herren, vår rettferd».

17. For så seier Herren: David skal aldri mangla ein mann til å sitja på trona i Israels hus.

18. Og levittprestane skal heller ikkje mangla menn som alltid kan vera for mitt andlet og bera fram brennoffer, brenna grødeoffer og gjera i stand slaktoffer.

19. Herrens ord kom til Jeremia:

20. Så seier Herren: Kan de bryta mi pakt med dagen og natta, slik at dag og natt ikkje kjem til rett tid,

21. då skal òg mi pakt med David, tenaren min, brytast, så han ikkje får nokon son som kan vera konge på trona hans, og pakta med levittprestane som gjer teneste for meg.

22. Etterkomarane av min tenar David og av levittane som gjer teneste for meg, gjer eg talrike som himmelhæren, som ikkje kan teljast, og sanden ved havet, som ikkje kan målast.

23. Herrens ord kom til Jeremia:

Jeremia 33