Jeremia 31:14-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Eg gjev prestane rikeleg med feittog mettar mitt folk med gode gåver,seier Herren.

15. Så seier Herren:I Rama høyrest skrik,klagesong og bitter gråt.Rakel græt over borna sineog vil ikkje la seg trøysta.For borna hennar er ikkje meir.

16. Så seier Herren:Gråt ikkje så høgt,fell ikkje tårer!Du skal få løn for strevet, seier Herren,dei skal venda heim frå fiendeland.

17. Det er von for etterkomarane dine, seier Herren,borna skal venda heim til sitt eige land.

18. Eg har høyrt Efraim synast synd på seg sjølv:Du har tukta meg,eg vart tukta som ein utamd kalv.Vend meg om, så eg kan venda heim!For du er Herren min Gud.

19. Då eg hadde vendt meg bort,angra eg,og då eg fekk innsikt,slo eg meg på låret.Skam og vanære må eg berafor min ungdoms spott.

20. Er Efraim min dyrebare son,er han mitt kjæraste barn?Kvar gong eg talar imot han,må eg likevel tenkja på han.Difor skjelv mitt indre for han,eg må visa miskunn mot han,seier Herren.

21. Reis merkesteinar,set opp vegmerke!Legg nøye merke til den vegen du gjekk!Vend attende, jomfru Israel,attende til desse byane dine!

Jeremia 31