Jeremia 30:8-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Den dagen, seier Herren over hærskarane,skal eg bryta åket på nakken dinog slita lenkjene dine sund.Dei skal ikkje lenger vera slavar for framande,

9. men dei skal tena Herren sin Gudog David, kongen sin,som eg vil reisa opp for dei.

10. Ver ikkje redd, du Jakob, min tenar,seier Herren,mist ikkje motet, Israel!For sjå, eg bergar deg frå fjerne staderog ætta di frå landet der ho er fanga.Jakob skal venda attendeog leva roleg og trygt,og ingen skal skremma han.

Jeremia 30