Jeremia 21:2-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. «Spør Herren til råds for oss! For kong Nebukadnesar av Babel går til krig mot oss. Kanskje Herren vil gjera eit under for oss, som han så ofte har gjort, så fienden dreg bort.»

3. Jeremia sa til dei: Dette skal de seia til Sidkia:

4. Så seier Herren, Israels Gud: Sjå, eg tek frå dykk krigsvåpna de har i hendene, dei som de kjempar med utanfor muren mot kongen av Babel og mot kaldearane som kringset dykk. Eg samlar dei midt i denne byen.

5. Sjølv skal eg strida mot dykk med utstrekt hand og sterk arm, i vreide, harme og i veldig sinne.

Jeremia 21