Høgsongen 8:2-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Så leidde eg deg til huset åt mor mi,ho som hadde fostra meg.Eg skulle skjenkt deg krydra vinog saft av granatepla mine.

3. Venstre armen hans er under hovudet mitt,med den høgre held han rundt meg.

4. Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer!Kvifor uroar de kjærleiken,kvifor vekkjer de han før han sjølv vil?

5. Kven er ho som stig opp frå ørkenen,stødd til kjærasten?Under apalen vekte eg deg,der mor di hadde rier,der ho fødde deg.

6. Set meg som eit segl på hjartet ditt,eit stempel på armen din!For kjærleiken er sterk som døden,lidenskapen ubøyeleg som dødsriket.Han brenn som logande eld,ein Herrens loge.

7. Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken,elvar skyl han ikkje bort.Om nokon gjev alt han eigfor å kjøpa kjærleik,blir han berre til lått.

Høgsongen 8