Hebrearane 5:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein øvsteprest blir alltid vald ut blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder.

2. Han kan vera mild mot dei som uvitande fer vill, fordi han òg er veik

3. og difor må bera fram syndoffer for seg sjølv og ikkje berre for folket.

4. Ingen tek seg sjølv den æra, men han blir kalla av Gud, slik som Aron.

Hebrearane 5