Hebrearane 11:23-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. I tru gøymde foreldra til Moses den nyfødde guten i tre månader. For dei såg at det var eit vakkert barn, og lét seg ikkje skremma av kongens bod.

24. I tru nekta Moses, då han vart stor, å kallast dotterson til farao.

25. Han ville heller lida vondt saman med Guds folk enn å nyta synda ei kort tid.

26. Å lida vanære for Kristi skuld heldt han for ein større rikdom enn skattane i Egypt, for han såg fram til løna.

27. I tru drog han bort frå Egypt utan å ottast kongens vreide. Han heldt ut, for det var som om han såg den usynlege.

28. I tru heldt han påske og strauk blodet på dørkarmane, så øydeleggjaren ikkje skulle røra dei førstefødde hos israelittane.

29. I tru gjekk dei gjennom Raudehavet som over tørt land, men då egyptarane freista det same, drukna dei.

Hebrearane 11