7. Långjevarane dine reiser seg brått,dei som får deg til å skjelva, vaknar.Då skal du bli eit rov for dei.
8. For du har plyndra mange folkeslag;no skal resten av folka plyndra degtil gjengjeld for menneskeblodetog valden mot landet og byenog alle som bur der.
9. Ve den som skaffar seg urett vinning til sitt husog legg reiret sitt høgtfor å berga seg frå vondskaps hand!
10. Til skam for ditt hus har du planlagtå gjera ende på mange folk;du set ditt eige liv på spel.
11. For steinen i muren skal ropa,og bjelken i treverket skal svara.
12. Ve den som byggjer ein by med blodog grunnlegg han med urett!
13. Sjå, dette kjem frå Herren over hærskarane:Det folka strevar for, går opp i logar,folkeslaga slit seg ut til inga nytte.
14. Jorda skal fyllast med kunnskapom Herrens herlegdomslik vatnet dekkjer havsens botn.
15. Ve den som skjenkjer sin neste,blandar gift i drikken og gjer han rusaså han kan sjå han naken.
16. Du blir mett av skam og ikkje av ære.Så drikk, du òg, og vis at du har forhud!Begeret i Herrens høgre handskal koma til deg,og di ære skal gøymast av skam.
17. Valden mot Libanon skal koma over deg,mishandlinga av dyra skal ramma deg.Du auste ut menneskeblod,gjorde vald mot landetog byen og alle som bur der.