Galatarane 6:5-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. For kvar skal bera si eiga bør.

6. Den som får opplæring i Ordet, skal dela alt godt med læraren sin.

7. Far ikkje vill! Gud lèt seg ikkje spotta. Det eit menneske sår, skal det òg hausta.

8. Den som sår i sitt eige kjøt, haustar forderving frå kjøtet, men den som sår i Anden, haustar evig liv frå Anden.

9. Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp.

Galatarane 6