Galatarane 4:18-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Det er vel og bra at somme er ivrige alltid og ikkje berre når eg er hos dykk, men det må vera ein iver for det gode.

19. Mine born, som eg på nytt føder med smerte til den tid Kristus tek skapnad i dykk

20. – eg skulle ønskja eg var hos dykk så eg kunne bruka ein annan tone når eg talar, for eg veit inga råd med dykk.

21. Sei meg, de som vil vera under lova: Høyrer de ikkje på lova?

22. Det står skrive at Abraham hadde to søner, ein med slavekvinna og ein med den frie kvinna.

23. Son til slavekvinna er fødd etter naturens orden, medan son til den frie kvinna er fødd etter Guds lovnad.

Galatarane 4