Galatarane 1:6-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Det undrar meg at de så raskt vender dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og til eit anna evangelium.

7. Men det finst ikkje noko anna; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium.

8. Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi forkynte dykk, forbanna vere han!

9. Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, forbanna vere han!

10. Prøver eg no å vinna velvilje frå menneske – eller frå Gud? Vil eg kanskje gjera menneske til lags? Var det framleis menneske eg ville vera til lags, då var eg ikkje Kristi tenar.

11. For eg kunngjer dykk, sysken: Det evangeliet eg har forkynt, er ikkje menneskeverk.

12. Heller ikkje har eg fått det eller lært det av noko menneske; nei, det var Jesus Kristus som openberra seg for meg.

Galatarane 1