Forkynnaren 5:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ver ikkje for snar med munnen,og lat ikkje hjartet forhasta segnår du vil tala eit ord for Guds andlet.For Gud er i himmelen og du er på jorda,lat difor orda dine vera få!

2. Med hardt slit følgjer tankespinn,med dårars tale følgjer mange ord.

3. Når du gjev Gud ein lovnad,så dryg ikkje med å halda han.For Gud har ikkje glede i dårar.Hald det du har lova han!

Forkynnaren 5