Esra 8:34-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

34. Alt vart talt og vege, og vekta vart samtidig nedskriven.

35. Dei som var komne frå fangenskapet i eksil, ofra brennoffer for Israels Gud: 12 oksar for heile Israel, 96 vêrar, 77 lam og som syndoffer 12 bukkar. Alt dette var eit brennoffer for Herren.

36. Sidan bar dei fram kongens forskrifter til kongens satrapar og statthaldarane i provinsen Bortanfor Eufrat, og dei gav si støtte til folket og til Guds hus.

Esra 8