4. Så feira dei lauvhyttefesten slik det står skrive, med så mange brennoffer som var fastsette for kvar einskild dag.
5. Deretter bar dei fram det daglege brennofferet og brennoffer for nymånedagane og for alle andre høgtider som var helga til Herren, og like eins alle frivillige offer til Herren.
6. Den første dagen i den sjuande månaden tok dei til å bera fram brennoffer for Herren, sjølv om grunnvollen til Herrens tempel enno ikkje var lagd.