Esekiel 40:38-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. Det var eit rom der med inngang frå porthallen. Der skylde dei brennofferet.

39. I porthallen stod det to bord på kvar side til å slakta brennofferet, syndofferet og skuldofferet på.

40. På den eine sida, utanfor trappa til portopninga mot nord, stod det to bord. På den andre sida av porthallen stod det òg to bord.

41. Det var fire bord på kvar side i porten, i alt åtte bord. Der slakta dei.

42. Dei fire borda til brennofferet var av tilhoggen stein. Dei var halvanna alen lange, halvanna alen breie og ei alen høge. På dei la dei reiskapen dei slakta brennoffer og slaktoffer med.

43. Hyller som målte ei handsbreidd, var feste rundt omkring i bygningen. På borda la dei offerkjøtet.

Esekiel 40