Esekiel 36:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Du menneske, tal profetord mot fjella i Israel og sei: Fjell i Israel, høyr Herrens ord!

2. Så seier Herren Gud: Fienden har ropa til dykk: «Ha-ha! Dei gamle haugane har vorte vår eigedom.»

3. Difor skal du tala profetord og seia: Så seier Herren Gud: Dei har herja og jaga dykk frå alle kantar så de har vorte ein eigedom for andre folkeslag. De er på leppene til alle, folk kviskrar om dykk.

Esekiel 36