1. Herrens ord kom til meg:
2. Menneske, vend deg mot Se'ir-fjellet og tal profetord mot det!
3. Du skal seia til det:Så seier Herren Gud:Sjå, eg kjem mot deg, Se'ir-fjell,eg lyfter handa mot degog gjer deg audt og øyde.
4. Byane dine legg eg i røys,og sjølv skal du bli til øydemark.Då skal du kjenna at eg er Herren.
5. Fordi du bar på gammal fiendskap,overlét du israelittane til sverdetdå ulukka ramma dei,då dei fekk si endelege straff.
6. Difor, så sant eg lever,seier Herren Gud,eg lèt deg blø,og blod skal forfølgja deg.Fordi du ikkje hata blod,skal blod forfølgja deg.