Esekiel 30:12-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Eg lèt elvane tørka utog gjev landet i hendene på vonde.Med handa til framandeøydelegg eg landet og alt som fyller det.Eg, Herren, har tala.

13. Så seier Herren Gud:Eg lèt avgudane gå til grunneog gjer ende på fillegudane i Nof.Det skal ikkje lenger finnast nokon fyrste frå Egypt.Eg spreier redsle i landet.

14. Eg legg Patros audt,set eld på Soanog held dom over No.

15. Eg auser ut min harme over Sin,festningsbyen i Egypt,og øydelegg rikdomane i No.

16. Eg set eld på Egypt,Sin skal vri seg i smerte,No skal stormastog Nof takast midt på lyse dagen.

17. Dei unge mennene i On og Pi-Besetskal falla for sverd,og kvinnene må fara i fangenskap.

18. I Tahpanhes blir dagen mørknår eg bryt herskarstavane i Egyptså den stolte makta tek slutt.Skyer skal dekkja byen,døtrene hennar må fara i fangenskap.

19. Eg held dom over Egypt.Dei skal kjenna at eg er Herren.

Esekiel 30