Esekiel 3:9-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Som diamant, ja, hardare enn flint gjer eg panna di. Ikkje ver redd dei og ikkje skjelv for dei, sjølv om dei er ei trassig ætt.»

10. Så sa han til meg: «Menneske, alle orda eg talar til deg, skal du gripa med hjartet og lytta til med øyra.

11. Gå til dei bortførte av folket ditt, tal til dei og sei: Så seier Herren Gud – anten dei vil høyra eller ikkje.»

12. Då lyfte ånda meg opp, og bak meg høyrde eg ljomen av ei kraftig røyst: «Herrens herlegdom vere lova frå hans bustad!»

13. Og eg høyrde lyden av skapningane når vengene deira støytte mot kvarandre, lyden av hjula attmed dei og lyden av ein sterk ljom.

14. Ånda lyfte meg opp og tok tak i meg, eg fór av stad, beisk og oppøst, og Herrens hand var over meg med styrke.

15. Eg kom til dei bortførte i Tel-Abib, dei som budde attmed Kebar-elva og heldt til der. Og der sat eg hos dei i sju dagar, heilt lamslegen.

16. Då dei sju dagane var gått, kom Herrens ord til meg:

Esekiel 3