4. Den eldste heitte Ohola, og systera heitte Oholiba. Dei vart mine, og dei fødde søner og døtrer. – Namnet Ohola står for Samaria og Oholiba for Jerusalem.
5. Ohola dreiv hor endå ho var mi. Ho lengta etter elskarane sine, assyrarane, og dei kom til henne.
6. Dei var kledde i purpur, statthaldarar og stormenn, staute unge menn alle saman, ryttarar høgt til hest.
7. Ho gav seg til dei i hor, dei var alle mellom Assurs fremste menn. Slik gjorde ho seg urein med alle ho lengta etter, med alle avgudane deira.
8. Ho heldt ikkje opp med horelivet frå tida i Egypt. Der låg dei med henne då ho var ung, tok på dei jomfruelege brysta og tømde sitt hor ut over henne.
9. Difor gav eg henne over til elskarane, assyrarane, som ho lengta etter.
10. Dei kledde henne naken, tok sønene og døtrene hennar og drap henne med sverd. Ho fekk dårleg rykte på seg mellom kvinner, dom vart felt over henne.
11. Dette såg Oholiba, syster hennar. Likevel var ho verre enn systera med sin lengsel og sitt horeliv.
12. Ho lengta etter assyrarane, statthaldarar og stormenn som kom til henne i staselege klede, ryttarar høgt til hest, staute unge menn alle saman.
13. Eg såg at ho vart urein, begge gjekk dei same vegen.
14. Men endå dreiv ho sitt horeri. Ho fekk sjå bilete av kaldearar, rita inn på veggen med raudt.
15. Dei hadde belte om livet og flagrande turbanar på hovudet. Alle såg ut som dugande stridsmenn. Slik var biletet av Babels menn, dei som har Kaldea til heimland.
16. Ved synet av mennene vart lengselen hennar vekt, og ho sende bod etter dei i Kaldea.
17. Babelmennene kom til henne på elskhugsleiet og gjorde henne urein med horeriet. Men då ho hadde vorte urein, braut ho med dei.
18. Sidan ho dreiv hor så openlyst og kledde seg naken, braut eg med henne, som eg før hadde brote med syster hennar.
19. Men fordi ho mintest ungdomsdagane, då ho dreiv hor i Egypt, hora ho meir og meir.
20. Ho lengta etter belarane sine, med lem som esel og sprut som hestar.
21. Du tenkte med lengsel på din skamlause ungdom, på det egyptarane gjorde med brysta dine, dei unge brysta.
22. Difor, Oholiba, så seier Herren Gud: No eggjar eg elskarane dine mot deg, dei som du braut med. Eg sender dei mot deg frå alle kantar:
23. Babels menn, alle kaldearane, mennene frå Pekod, Sjoa og Koa, og alle assyrarane saman med dei, staute unge karar, statthaldarar og stormenn alle saman, dugande stridsmenn og utvalde menn, alle høgt til hest.