1. Herrens ord kom til meg:
2. Menneske, tal profetord mot profetane i Israel, som driv og profeterer. Sei til dei som profeterer ut ifrå eige hjarte: Høyr Herrens ord!
3. Så seier Herren Gud: Ve dei tåpelege profetane, dei som følgjer sitt eige sinn og ikkje har sett noko som helst.
4. Som revar mellom ruinar er profetane dine, Israel.
5. De har ikkje gått opp i mursprekkane eller styrkt muren kring Israels hus, så det kunne stå seg i striden på Herrens dag.
6. Syna deira er tomme, og spådomane er løgn. Dei seier «Herren seier», endå Herren ikkje har sendt dei. Og likevel ventar dei at han skal la ordet slå til!
7. Er det ikkje tomme syn de kjem med og løgnaktige spådomar de har tala når de seier «Herren seier», endå eg ikkje har tala?
8. Difor seier Herren Gud: Fordi de talar tomme ord og ser løgn, kjem eg mot dykk, lyder ordet Herren Gud.