Esekiel 12:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske, du bur midt i ei trassig ætt som har auge å sjå med, men ikkje ser, og øyre å høyra med, men ikkje høyrer, for ei trassig ætt er dei.

3. Men du, menneske, pakk tinga dine for eksil og far av stad om dagen rett framfor auga på folk! Far bort frå bustaden din til ein annan stad, rett framfor auga på dei. Kanskje dei då vil innsjå at dei er ei trassig ætt.

Esekiel 12