Esekiel 10:20-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Det var dei same skapningane som eg hadde sett under Israels Gud attmed Kebar-elva, og eg skjøna at det var kjerubar.

21. Kvar av dei hadde fire andlet og fire venger, og under vengene var det noko som likna menneskehender.

22. Andleta deira var like dei andleta eg hadde sett attmed Kebar-elva, dei såg ut som dei. Kvar kjerub gjekk beint fram.

Esekiel 10