Dommarane 5:7-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Landsbyane låg aude i Israel,dei låg aude,før eg, Debora, stod fram,stod fram som ei mor i Israel.

8. Gud valde ut nye leiarar,då var det strid i portane,men skjold eller spyd var ikkje å sjåblant dei førti tusen i Israel.

9. Hjartet mitt slår for Israels herskarar,for folket som villig møtte fram.Lovpris Herren!

10. De som rid på blakke eselhopper,de som sit på teppe,de som vandrar langs vegen:Syng!

11. Dei overdøyver lyden av dei som hentar vatnnår dei fortel ved vatningsstadeneom Herrens rettferdige gjerningar,hans rettferdsgjerningar mot landsbyfolket i Israel.Då drog Herrens folkned til portane.

12. Vakna, vakna, Debora!Vakna, vakna, ber fram ein song!Reis deg, Barak,fang dine fiendar, Abinoams son!

13. Då drog dei ned, dei som var att av dei mektige, Herrens folk drog med meg mot krigarane.

14. Frå Efraim kom dei som hadde røter i Amalek.Etter deg, Benjamin, kjem dei med sine folk.Frå Makir drog herskarane ned,frå Sebulon menn med hærførarstav,

15. Jissakars hovdingar saman med Debora,Jissakar kom, Barak var med,i dalen følgde dei han hakk i hæl.I Rubens avdelingar rådslo dei lenge.

16. Kvifor sat du mellom kløvkorgeneog lytta til fløytetonar frå gjetarane?I Rubens avdelingar rådslo dei lenge.

17. Gilead heldt seg i ropå den andre sida av Jordan.Kvifor drygde Dan ved skipa?Asjer, som budde ved havsens strand,heldt seg i ro i vikane der.

18. Sebulons folk viste dødsforakt,også Naftali,på dei opne høgdene.

19. Kongar kom og kjempa,då kjempa dei, Kanaans kongar,i Taanak ved Megiddos vatn,men dei tok ikkje sølv som bytte.

20. Frå himmelen kjempa stjernene,frå sine banar kjempa dei mot Sisera.

21. Kisjon-elva reiv dei bort,den eldgamle elva, Kisjon-elva.Gå fram, mi sjel, med kraft!

22. Då hamra det av hestehovar,av hingstar i galopp, i galopp!

23. «Forbann Meros!» sa Herrens engel.«Forbann, forbann dei som bur der!For dei kom ikkje Herren til hjelp,dei kom ikkje Herren til hjelp mot krigarane!»

24. Velsigna blant kvinner er Jael,kona til kenitten Heber,velsigna blant kvinner som bur i telt.

25. Han bad om vatn,ho gav han mjølk.Ho kom med rømme i ei praktfull skål.

26. Ho strekte ut handa etter teltpluggen,høgre handa mot hammaren til handverkaren.Ho slo til Sisera så skallen vart kløyvd,dreiv pluggen igjennom og knuste tinningen.

27. Mellom føtene hennar seig han i kne,han stupte og vart liggjande.Mellom føtene hennar seig han i kne,han stupte.Der seig han i kne, stupte og var knust.

Dommarane 5