Dommarane 5:3-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Høyr, de kongar!Lytt, de fyrstar!Eg vil syngja, syngja for Herren,spela for Herren, Israels Gud.

4. Herre, då du drog ut frå Se'irog steig fram frå markene i Edom,då riste jorda, dropar fall frå himmelen,vassdropar fall frå skyene.

5. Fjella smelta for Herren, han frå Sinai,for Herren, Israels Gud.

6. I Anat-sonen Sjamgars dagar,i Jaels dagar, låg vegane aude.Dei som var på reise,gjekk på krokete stigar.

7. Landsbyane låg aude i Israel,dei låg aude,før eg, Debora, stod fram,stod fram som ei mor i Israel.

8. Gud valde ut nye leiarar,då var det strid i portane,men skjold eller spyd var ikkje å sjåblant dei førti tusen i Israel.

9. Hjartet mitt slår for Israels herskarar,for folket som villig møtte fram.Lovpris Herren!

Dommarane 5