1. Den dagen song Debora og Barak, son til Abinoam, denne songen:
2. Når Israels fremste går føreog folket villig møter fram,lovpris Herren!
3. Høyr, de kongar!Lytt, de fyrstar!Eg vil syngja, syngja for Herren,spela for Herren, Israels Gud.
4. Herre, då du drog ut frå Se'irog steig fram frå markene i Edom,då riste jorda, dropar fall frå himmelen,vassdropar fall frå skyene.