12. og forlét Herren, sine fedrars Gud, som hadde ført dei ut frå Egypt. Dei følgde andre gudar, gudar frå folka som budde omkring, og tilbad dei. Slik gjorde dei Herren rasande.
13. Dei forlét Herren og dyrka Baal og Astarte-bileta.
14. Då flamma Herrens vreide opp mot Israel, og han gav dei i hendene på røvarar som plyndra dei. Han gav dei over til fiendane omkring, og dei kunne ikkje stå seg mot dei.
15. Kvar dei fór fram, var Herrens hand imot dei og råka dei med ulukke, slik Herren hadde sagt, og som Herren hadde svore. Dei kom i stor naud.
16. Då lét Herren det stå fram dommarar som berga dei ut av hendene på røvarane.