1. I dei dagane då det ikkje fanst nokon konge i Israel, var det ein mann, ein levitt, som heldt til lengst inne på Efraim-fjella. Han tok seg ei følgjekone frå Betlehem i Juda.
2. Men kona var utru mot han og drog ifrå han og heim til far sin, til Betlehem i Juda. Då ho hadde vore der i om lag fire månader,
3. tok mannen ut og kom etter henne. Han ville tala venleg til henne og få henne til å koma att. Han hadde med seg tenesteguten sin og eit par esel. Ho leidde han inn i huset til far sin, og då far til jenta såg han, vart han glad og tok imot han med glede.