Dommarane 15:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ei tid seinare, ein dag i kveiteskurden, kom Samson og ville sjå om kona si. Han hadde med seg eit kje. «Lat meg få koma inn i rommet til kona mi!» sa han. Men far hennar ville ikkje gje han lov til det.

2. Han sa: «Eg tenkte så visst at du ikkje lika henne meir, og så gav eg henne til bruresveinen din. Kan du ikkje ta veslesyster hennar i staden? Ho er då mykje vakrare.»

3. Då sa Samson: «Denne gongen er eg fri for skuld om eg gjer filistrane noko vondt.»

Dommarane 15