Dommarane 10:4-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Han hadde tretti søner; dei reid på tretti esel og hadde tretti byar som enno i dag blir kalla Ja'irs teltbyar. Dei ligg i Gilead-landet.

5. Så døydde Ja'ir og vart gravlagd i Kamon.

6. På nytt gjorde israelittane det som var vondt i Herrens auge. Dei dyrka Baal-gudane og Astarte-bileta, dei dyrka gudane til folket i Aram, Sidon og Moab, og dei dyrka gudane til ammonittane og filistrane. Dei forlét Herren, dei tente ikkje han.

7. Då flamma Herrens harme opp mot israelittane, og han gav dei i hendene på filistrane og ammonittane.

8. Dette året knuste dei israelittane. I atten år undertrykte dei alle israelittane som budde aust for Jordan, i amorittlandet, i Gilead.

9. Ammonittane sette jamvel over Jordan og gjekk til krig mot Juda, Benjamin og Efraims hus. Og israelittane kom i stor naud.

10. Då ropa israelittane til Herren og sa: «Vi har synda mot deg. Vi har vendt oss bort frå vår Gud og dyrka Baal-gudane.»

11. Herren svara: «Har eg ikkje frelst dykk frå egyptarane, amorittane, ammonittane og filistrane?

12. Då sidonarane, amalekittane og midjanittane plaga dykk, ropa de til meg, og eg berga dykk ut av hendene deira.

13. Men de forlét meg og dyrka andre gudar. Difor vil eg ikkje berga dykk meir.

Dommarane 10