14. Då sa dei til kongen: «Daniel, ein av dei bortførte frå Juda, retter seg korkje etter deg eller etter det påbodet du har sendt skriv om. Tre gonger om dagen held han si bøn.»
15. Då kongen høyrde det, gjorde det han svært vondt, og han bestemte seg for å berga Daniel. Heilt til solnedgang gjorde han det han kunne for å redda han.
16. Igjen storma mennene inn til kongen og sa til han: «Gløym ikkje, konge, at det er medisk og persisk lov at ikkje noko påbod som kongen har gjeve eller noka forordning han har sendt ut, kan kallast tilbake.»
17. Så baud kongen at dei skulle henta Daniel og kasta han i løvehòla. Kongen sa til Daniel: «Måtte din Gud, som du framleis dyrkar, berga deg!»
18. Dei henta ein stein og la han over opninga til hòla. Kongen forsegla han med sitt eige segl og med seglet til stormennene sine, så ingenting kunne endrast når det gjaldt Daniel.
19. Etter dette gjekk kongen til slottet sitt og fasta heile natta. Han lét ingen kvinner koma inn til seg. Og han fekk ikkje sova.