Apostelgjerningane 8:22-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Vend om frå denne vondskapen din, og be til Herren, så kanskje han vil tilgje deg at du ber slik ein tanke i hjartet ditt.

23. For eg ser at du er full av bitter galle og lenkja til vondskap.»

24. Då sa Simon: «De må be til Herren for meg, så ikkje noko av det de no har sagt, skal koma over meg.»

25. Etter at dei hadde bore fram vitnemålet sitt og tala Herrens ord, drog dei tilbake til Jerusalem, og på vegen forkynte dei evangeliet i mange av landsbyane i Samaria.

Apostelgjerningane 8