Apostelgjerningane 27:35-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

35. Då han hadde sagt det, tok han eit brød, takka Gud framfor dei alle, braut det og tok til å eta.

36. No fekk alle nytt mot, og dei tok til seg mat.

37. Vi var i alt 276 menneske om bord.

38. Då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å hiva kornlasta i sjøen.

39. Då det vart dag, kjende dei ikkje att landet. Men dei fekk auge på ei vik med flat strand, og der ville dei freista å setja skipet på grunn.

Apostelgjerningane 27