Apostelgjerningane 26:5-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Dei kjenner meg frå før, om dei berre vil vitna om det, og veit at eg har levd som farisear og høyrt til den strengaste retninga i religionen vår.

6. Og no står eg her og skal dømmast fordi eg set mi von til den lovnaden Gud gav fedrane våre,

7. den lovnaden som det tolvætta folket vårt vonar å sjå oppfylt – difor er dei uthaldande og dyrkar Gud natt og dag. For denne vona, konge, kjem jødar med skuldingar mot meg.

8. Kvifor blir det rekna som utruleg hos dykk at Gud vekkjer opp døde?

9. Eg tykte sjølv ein gong at det var ei plikt å strida av all kraft mot nasarearen Jesu namn.

10. Og det gjorde eg i Jerusalem. Eg fekk fullmakt frå overprestane og kasta mange av dei heilage i fengsel. Var det tale om å avretta dei, røysta eg for.

Apostelgjerningane 26