Apostelgjerningane 24:10-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Då gav landshovdingen eit teikn til Paulus, som tok ordet og sa:«Eg veit at du har vore dommar for dette folket i mange år. Difor er det med frimod eg forsvarar meg.

11. Du kan lett få stadfest at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg reiste opp til Jerusalem for å tilbe.

12. Og ingen har sett meg diskutera med nokon eller eggja opp folk, verken i tempelet eller i synagogane eller nokon annan stad i byen.

13. Dei kan heller ikkje prova det dei no klagar meg for.

14. Men det vedgår eg: Eg dyrkar våre fedrars Gud gjennom å følgja Vegen, som dei kallar ei sektlære. For eg trur alt det som er skrive i lova og profetane,

15. og eg har den same von til Gud som desse har: at rettferdige og urettferdige ein gong skal stå opp frå dei døde.

16. Difor legg eg vinn på alltid å ha eit reint samvit for Gud og menneske.

17. Etter mange år kom eg for å gje ei gåve til dei fattige i folket mitt og for å ofra.

Apostelgjerningane 24