Apostelgjerningane 16:5-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. No vart forsamlingane styrkte i trua og auka i tal dag for dag.

6. Sidan fór dei gjennom det frygiske og galatiske området, for Den heilage ande hindra dei i å forkynna Ordet i Asia.

7. Då dei var komne nesten til Mysia, freista dei å fara til Bitynia, men Jesu Ande gav dei ikkje lov.

8. Så drog dei gjennom Mysia og kom ned til Troas.

9. Om natta hadde Paulus eit syn. Han såg ein makedonar som stod og kalla på han og bad: «Kom over til Makedonia og hjelp oss!»

10. Då han hadde hatt dette synet, prøvde vi straks å fara til Makedonia, for vi skjøna at Gud hadde kalla oss til å forkynna evangeliet der.

Apostelgjerningane 16