Apostelgjerningane 15:24-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Vi har fått høyra at nokre som kom frå oss, har gjort dykk rådville og urolege med orda sine. Frå oss har dei inga fullmakt.

25. Difor vart vi samde om å velja nokre menn og senda dei til dykk saman med våre kjære brør Barnabas og Paulus,

26. menn som har våga livet for vår Herre Jesu Kristi namn.

27. Så sender vi Judas og Silas. Dei skal munnleg bera fram det same.

Apostelgjerningane 15